Søk i geoportalen

Tips en venn

..om geoportalen.no



RSS geoportalen

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden er eit godt og spektakulært døme på det norske fjordlandskapet som karakteriserer Vestlandet og Nord-Noreg. Samla fortel fjordane om den geologiske utviklinga med landheving og meir enn førti istidar.


Forslagsstiller: Rolv Dahl


Fenomen/Attraksjon

Fjord, gneis

Illustrasjon

geiranger.jpg
Geiranger på seinvinteren. Snøen ligg omtrent der havnivået låg før landhevninga for 55 million år sidan og den etterfølgjande erosjonen. Foto: Rolv Dahl, NGU

Stedsangivelse, Kommune(r), fylke

Stranda kommune og Norddal kommune, Møre og Romsdal.


Geirangerfjorden i større kart

Adkomst/turbeskrivelse

Geirangerfjorden kan nåast med bil, fergje og sjølvsagt til fots. Dei fleste kjem med bil langs riksveg 63 frå aust eller nord. Mange kjem og med ferga frå Hellesylt frå vest. Det er ei rekkje turstiar i området. Difor er det fullt mogleg å ta seg ned til fjorden til fots.

Begrunnelse

Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden. fjordlandskapet på lista femnar om delar av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda, og har trollbunde besøkande til alle tider.

I 2005 var Vestnorsk fjordlandskap, konkretisert ved to delområde i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden skrive inn på UNESCO-lista over natur- og kulturarven på jorda. Vestnorsk fjordlandskap består av to delområde i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Bergartane i Geirangerområdet er for det meste gneis som blei danna for mellom 1500 og 1700 millionar år sidan. Den er opphavleg danna av raudglødande magma som størkna under jordoverflate. Seinare er desse bergartane pressa og falda saman under enormt trykk og temperatur. Spor av desse faldingane er framleis synlege i bergveggane. I tillegg ligg einskilde restar av den ein gong så enorme kaledonske fjellkjeda att. Ved Tafjorden ligg Kallskaret, eit område med en heilt særmerka berggunn med røter langt nede i jordskorpa.

Fr 55 millionar år sidan var den vestege delen av Skandinavia lyfta nesten 2000 meter til vers. Etter hevinga byrja naturkreftene straks arbeidet med å grave seg ned i det flate, men høgtliggjande landskapet. Elvar gov seg ned langs minste motstands veg, og laga djupe dalar på si ferd mot havet. Mange av desse dalane skulle seinare bli til fjordar. Ei viktig endring i klimaet fann sted for om lag 2,5 millionar år sidan. Sidan då har klimaendringar lagt Noreg under kilometer tjukk is og smelta han att utallige gonger. Breane heldt fram der elvane slapp med å skave ut djupe dalar, slite ned berget og frakte sand og grus vekk med is og vatn. Medan elvane grov seg ned i V-forma dalar, laga breane di karakteristiske U-dalane.

Sjølv etter at isen har trekt seg attende, er landskapet i endring. Ved Åkerneset ligg ei stor blokk som kan rase ut i fjorden og skapa ei flodbølgje som kan gje store skader. Området vert grundig overvaka.

Det norske ordet "fjord" er eit internasjonalt omgrep. Kysten av Noreg er gjennomskoren av fjordar, men på verdsbasis er fjordane nokså sjeldne. Dei finst berre i område der store isbrear har påverka landskapet. Fjordar finst i Skandinavia, på Grønland, i Kanada, Alaska og Russland. På den sørlige halvkula finst fjordar mellom anna på New Zealand, i Chile, i Antarktis og på Sør-Georgia. Nokre av fjordlandskapa er òg valde ut som verdsarvområde.

Aktive brear pregar mange av fjordområda den dag i dag. Døme på dette er breane i Alaska og på Grønland, som har eit mindre gjestmildt klima enn Vestlandet. Geirangerfjorden har ein kombinasjon som er unik: Lange og djupe fjordar omkransa av høge fjelltoppar og sidedalar med fossar – i tillegg til at berggrunn, lausmassar og klima skaper  ein variert natur og legg grunnlaget for levande bygdesamfunn.

Lenker

Det norske fjordlandskapet

http://www.verdensarv.no

Pedagogisk verdi

Fjordlandskapet i Geiranger gir eit godt døme på korleis breane har forma landskapet. Fleire stader, til dømes frå Ørnesvingen, kan ein sjå tydelig kor landskapet låg før landhevinga for 55 million år sidan, og korleis is og vatn har forma landskapet etter dette. I tillegg er gneisen fleire stader godt blotta og inneheld tydelige strukturar som fortel om folding og deformasjon gjennom årmillionar.


geir2.jpg
geir3.jpg
geir4.jpg
hc.jpg
geir5.jpg

Tips en venn..

om denne lokaliteten




banner_fugro_hr.jpg

Oppdatert: 08.12.2010 11:17
av Alf Kvassheim


Geologisk nasjonalarv

toppsak148.jpg

Finalistene på kartet

kartet148.jpg

Kåringen

karingen.jpg

Kriterier

harteigen148.jpg

Juryen

juryen148.jpg

Pressebilder

global_box.jpg

Geoattraksjoner

geoattraksjoner148.jpg

Unesco verdensarv

unesco148_2.jpg

Daglige nyheter fra geomlijøet

GEO355LinkM.jpg

Geoportalen

portalen148.jpg

Last ned våre logoer

vgn_logo_pos.jpg

Boka om vår nasjonalstein

Nasjonalbergart

lenkenasjonalbergart148.jpg

Halfdan Carstens, ansvarlig redaktør – GeoPublishing AS, Postboks 6315 Sluppen, 7491 Trondheim - Tlf: 73 90 40 90 / 73 90 40 89