Søk i geoportalen

Tips en venn

..om geoportalen.no



GEO365.no

geo355linkm.jpg

RSS geoportalen

Steinriket Bømlo

"Steinriket Bømlo" har gjennom tidene vore heimstad for ei rekke bergverkshistorier. Øystein Jansen ved UiB kallar Bømlo for "den største  eksportøren av steinmateriale i dette landet gjennom tidene".


Forslagsstiller: Brynjar Stautland


steinrike1.jpg
Foto: Brynjar Stautland

Stedsangivelse (fylke, kommune, sted)

Mosterhavn i Bømlo kommune i Hordaland.

Adkomst

Bømlo ligger ytterst mot havgapet, vest for Stord, og ca. 100 km og to timer med bil sør for Bergen. Fra Haugesund er det 56 km og en drøy times kjøring til Mosterhamn som ligger lengst sørøst på Bømlo.


View Larger Map

Lang begrunnelse

Sju ulike bergarter og mineral har vore kommersielt utvunne her sidan menneska kom hit;

Grønstein, Rhyolitt, Kleberstein, Kalk og marmor, Svovelkis, Gull og Granitt.

Grønsteinsutvinning til  økser fann stad gjennom mest 6000 år, og grønsteinen frå Hespriholmen vart identitetsmerket for klanen som levde mellom Lista i sør til Sognefjorden i nord.

Rhyolittutvinninga til pilspissa og knivar fann stad gjennom 2500 år i yngre steinalder, klebersteinen vart teken ut i mellomalderen som byggemateriale for Mostrakyrkja, Mariakirken (Bg), Korskirken (Bg), Domkirken (Bg) og Nonneseter Kloster (Bg).

Kalk var brend frå mellomalder til 1970 og marmor saga til plater og eksportert på slutten av 1700-talet, kis vart utvunne kommersielt i 1870-åra, gull frå 1880 til 1910 i det som ram til 1980-talet var Noregs største gullførekomst, og granitten frå Bømlo kler Bergens gater og held f.eks. Kjøttbasaren oppe.

Steinriket Bømlo skal organisere desse rike historiene gjennom ei utstilling i Moster Amfi, nettsider, turbok, skilting på lokalitetane samt eit servicesenter ved gullgruvene som gjer det mogleg for ein privat entreprenør i området å ta imot gjester her.

Sentralen for Steinriket Bømlo vert lagt til den eksisterande turistaktøren Moster Amfi as (Moster Amfi er etablert i ei nedlagt marmor/kalkgruve).

Gullgruvene og Langevåg Bygdatun (ved den berømte arkeologiske lokaliteten Sokkamyro) blir óg viktige inngongsportar til Steinriket Bømlo.

Landskapet i Bømlo kommune, eit øyarkipél ved utløpet til ein fjord,  er unikt i verda (ref. prof. Jon Inge Svendsen, UiB). Berggrunnen er mangfaldig, og har som ingen annan stad i Noreg gjeve menneska til alle tider materiale og næringsgrunnlag. Denne alment ukjente historia vil me brette ut og fortelje til både fastbuande og gjester, og la det bli grunnlag for identitet, opplevingar og ikkje minst aktivitetar. Planane for innhaldet i Steinriket Bømlo er lagt gjennom eit RUP-Forprosjekt som er ferdig januar 2010, og det vert søkt om vidare utvikling gjennom eit RUP-Hovudprosjekt.

steinrike2.jpg
Utflussa gullstuff. Foto: Brynjar Stautland

Tips en venn..

om dette forslaget




banner_fugro_hr.jpg

Oppdatert: 05.05.2010 11:35
av Alf Kvassheim


Geologisk nasjonalarv

toppsak148.jpg

Finalistene på kartet

kartet148.jpg

Kåringen

karingen.jpg

Kriterier

harteigen148.jpg

Juryen

juryen148.jpg

Pressebilder

global_box.jpg

Geoattraksjoner

geoattraksjoner148.jpg

Unesco verdensarv

unesco148_2.jpg

Daglige nyheter fra geomlijøet

GEO355LinkM.jpg

Geoportalen

portalen148.jpg

Last ned våre logoer

vgn_logo_pos.jpg

Boka om vår nasjonalstein

Nasjonalbergart

lenkenasjonalbergart148.jpg
Halfdan Carstens, ansvarlig redaktør – GeoPublishing AS, Postboks 6315 Sluppen, 7491 Trondheim - Tlf: 73 90 40 90 / 73 90 40 89